Eigersund/Startsiden/Planting for klima

Planting for klima

print.png email  .png
Flyfoto over Egersund sentrum

Rogaland har vore med som deltakarfylke sidan 2015, og Eigersund blei med som pilotkommune i 2016. Målet er å hente inn erfaringar frå prosjektet, med dei kriterier og krav som stillast her. Eit av delmåla er å plante totalt 3000 dekar i fylket.

Pilotprosjektet «Planting for klima» er som kjent eit tiltak for å auke opptaket av CO2 gjennom planting av skog på nye areal. Pilotprosjektet er no inne i sitt tredje og siste prosjektår og regional prosjektleiing vil difor informere om arbeidet som er gjort i fylket og i kommunen til no.

Første prosjektår var prega av analyser, planlegging og informasjonsspreiing, og prosjektet markerte sitt første plantefelt i Bjerkreim i 2016. Sidan den gong er det planta over 1000 dekar i fylket. Over 400 av desse er planta i Eigersund, og dette har gitt prosjektet mykje erfaring som skal nyttast i det kommande året. Grensesnittet mellom miljøomsyn og andre næringar i Eigersund har gjort at fleire viktige tema har blitt løfta opp.

Vi går no inn i vårt siste prosjektår, og det er planlagt å plante over 200 dekar i Eigersund til våren 2018. Dette vitnar om eit stort arbeid som er gjort, der det har vore fokus på gode areal både med omsyn til miljø, klima og næring. Prosjektleiinga ønskjer å løfte fram gode medarbeidarar i prosjektet, og takkar for innsatsen til skogbrukssjefen og hans prosjektmedarbeidarar i Eigersund kommune så langt.

 

Opprettet 10. november 2017 av Sem Hadland.