Prima Protein AS har den 3.7.2017 søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova, jf. §§ 11 og 16 for nytt planlagt anlegg for produksjon av inntil 30000 tonn fiskemjøl og 15000 tonn fiskeolje.


Verksemda vil i første omgang produsere marint protein og marin olje til fôrproduksjon, men planlegg på sikt å etablere eigen produksjonsline for produksjon av protein til humant bruk innan samla produksjonsramme.

Verksemda er lokalisert på gnr.8 bnr. 22 og 277 i Eigersund kommune med adresse Hovlandsveien 66, 4374 Egersund. Verksemda er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 36 vedlegg I (IED-direktivet) pkt. 6.5 «Anlegg for disponering eller gjenvinning av skrotter og animalsk avfall med ein behandlingskapasitet på over 10 tonn per dag».
Mogleg forureining vil vere utslepp av lukt, organisk stoff til sjøresipient, samt støy. Det vil i eit eventuelt løyve verte sett krav om tiltak og fastsett grenseverdiar for å avgrense utsleppa.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentleg gjennomsyn på Fylkesmannen i Rogaland sin nettstad, sjå lenke http://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Hoyringar/ og på nettsida til Eigersund kommune.

Prima Protein AS vil gjere greie for planane og søknaden i eit ope møte på Grand Hotell den 24.8.2017 kl. 15-17. Både Eigersund kommune og Fylkesmannen vil være representert på møtet.

Moglege merknader til søknaden skal sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger eller per e-post til fmropost@fylkesmannen.no innan 5 veker frå kunngjeringstidspunktet.

Relaterte dokumenter

Prima Protein AS - Søknad med vedlegg om tillatelse etter forurensningsloven.PDF