Webinar for skogeigarar; Ungskogpleie – kvifor og korleis

Dato:
4. mars 2021 19:00 - 20:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Skogkurs
Målgruppe:
Skogeigarar og andre med interesse for skogbruk

Me inviterar til kveldswebinar med tema ungskogpleie torsdag 4. mars. Ungskogpleie er eit av dei mest lønsame tiltaka ein skogeigar kan gjera i skogen sin. Gjennom ungskogpleien blir tidlegare investeringar i forynging ivareteke, samtidig som ein legg til rette optimal produksjon og valmoglegheiter i framtida.

Publisert 18.02.2021

Dette er det tredje korte kveldswebinaret av fire som gir deg som skogeigar kunnskap om  korleis drive effektivt og berekraftig skogbruk og oppnå størst mogleg verdi på din skog. I dette webinaret er det ungskogpleie som er tema. Riktig kunnskap om ungskogpleie er særs viktig og legg til rette for høg produksjon og kvalitet i bestandet. 

Mathis Lunde frå Skogkurs tek oss gjennom temaet ungskogpleie og vil fortelja om følgjande punkter: 

  • Kva, kvifor og korleis gjere ungskogpleie
  • Treantall
  • Treslagsval
  • Fleirbruksomsyn

Program

18:50 – 19:00

Pålogging

 

19:00 – 19:05

Velkommen, køyrereglar for dette møtet

Geir Gudmestad, Statsforvaltaren i Rogaland

19:05 – 19:50

Ungskogpleie – kvifor og korleis

Mathis Lunde, Skogkurs

19:50 – 20:00

Innspelsrunde, spørsmål og tilbakemeldingar

 

 

Du melder deg i skjemaet under. Påmeldingsfristen er onsdag 3. mars. Den øvre grensa for antall deltakerar er 250 personar, og påmeldinga vil stansast om me når denne grensa.

Hendinga er gratis. Me sender ut link med tilgong til arrangementet til dei påmeldte dagen i forvegen. 

Gjennom våren vil det kome fleire webinar retta mot skogeigarar om kva som skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på eigedomen. Sjå oversikten over komande kveldswebinarer her.

Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane!

 

Påmelding webinar om ungskogpleie 4. mars

Dato:
4. mars 2021 19:00 - 20:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Skogkurs
Målgruppe:
Skogeigarar og andre med interesse for skogbruk